For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Ledig stilling

Bustadsekretær/kontormedarbeidar

 

Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS er eit kommunalt selskap eigd av Bømlo kommune. BKE eig og forvaltar om lag 170 kommunale omsorgs- og utleigebustadar, næringseigedom og tomter til ein verdi av 200 mill. kroner. Selskapet har lokaler i Hollundsdalen og er samlokalisert med BVA. 

 

Stillinga sitt ansvarsområde og arbeidsoppgåver:

 

  • Oppgåver knytta til leigetilhøve, husleigekontraktar og bustader
  • Selskapet sitt arkivsystem og relevante oppgåver innan kontor- og rekneskap
  • Kontakt mot BKE sine samarbeidspartar

 

Kvalifikasjonar:

 

Me søkjer deg som er serviceinnstilt og trygg i møte med våre leigetakarar og samarbeidspartar og som har:

 

  • Utdanning innan kontor/økonomi
  • Erfaring frå kontor- og rekneskapsrelatert arbeid
  • Gode IT-kunnskapar
  • Kan arbeide sjølvstendig
  • Er fleksibel, ryddig og ansvarsbevisst
  • Førarkort kl. B og tilgang til eigen bil

 

Stillingsstorleik: 80 – 100 %. Løn etter kvalifikasjonar, god pensjonsordning, ordna arbeidsforhold og varierte arbeidsoppgåver. Naudsynt opplæring vil bli gitt.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Ingrid Urheim Halleraker på telefon 908 69444 eller 53 00 25 02.

 

Søknad med CV og kopi av vitnemål/attestar vert å senda til post@bke.no eller BKE AS, Postboks 106,  5445 Bremnes.

 

Søknadsfrist: 13.10.2017