Personvernerklæring
Denne personvernerklæringa følgjer reglane i lov om behandling av personopplysningar (personopplysningsloven) av 15.06.18 med tilhøyrande føresegner. Dagleg leiar i Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS (BKE) er etter lova behandlingsansvarleg. Det daglege ansvaret for pliktene til behandlingsansvarlege er gitt til personvernombud; Birgitte Steinsland.
Formålet med behandlinga
BKE sitt grunnlag for å behandla personopplysningar etter personopplysningsloven er husleigekontrakten. Opplysningane er naudsynte for at me skal kunne administrera leigeforholdet og ivareta leigetakars interesser i leigeforholdet. Personopplysningar som handsamast er bla namn, kundenummer, adresse, telefonnummer, e-postadresse, fødselsdato, dato for start av leigekontrakt, informasjon om pårørande, tildelingsbrev får kommunen og opplysningar som gir oversikt over ditt leigeforhold hos BKE. For eksempel betalingshistorikk for innbetaling av husleige og andre kostnader, overførsel av abonnement for straum/nettleige i bustad som leiges, og elles naudsynte opplysningar for å ivareta leigeforholdet.
Me vil nytta personopplysningar om leigetakar til blant annet følgande føremål:
- Senda fakturaer for husleige, breiband og evt. straum
- Opprettelse av sikkerhetsstillelse for leigeforholdet (depositum, garantiar)
- Senda fakturaer for rettsgebyr ved evt. fråviking av din leigekontrakt
- Oppdatere leigetakarroversikter
- Administrera innbetalingar i forbindelse med leigeforholdet
- Ivareta leigeforholdet mellom leigetakar og utleigar (forvaltning)
- Overføra straummålar i leigetakars namn og inngå avtale om breiband
- Andre føremål som er naudsynte for å ivareta dine interesser
Tryggleik/Teieplikt
BKE har etter personopplysningslova ansvar for å syta for at personopplysningane er tilstrekkeleg sikra.
Det er, mellom anna innført rutinar som skal gje naudsynt tryggleik. BKE sikrar at berre dei som treng tilgang til opplysningane for å utføra arbeidsoppgåver har tilgang til dei. Vidare sikrar me at opplysningar ikkje kan endrast eller slettast av andre enn dei som er autorisert til å gjera dette.
Me går gjennom rutinane våre periodisk, slik at tryggleiken til ei kvar tid skal vera så god som mogleg. Dersom me oppdagar at ei rutine ikkje er følgt, vert dette grundig følgt opp.
BKE er eit heileigd kommunalt selskap, og det går fram av selskapet sine vedtekter kva oppgåver selskapet skal utføre for kommunen. BKE følgjer kommunen sine føresegner i forhold til teieplikt jf. Forvaltningslova § 13. DVS at alle tilsette i BKE er underlagt teieplikt, også etter at arbeidsforholdet er avslutta.
Vidareformidling
BKE samarbeider tett med Bømlo Kommune og det vil bli utveklsa naudsynt informasjon til kommunen som vedkjenner leigeforholdet. Dette er opplysningar som er untatt offentlegheita og som utanforståande ikkje har innsyn i. BKE skal ikkje selja, byta eller på anna vis vidareformidla informasjon av nokon art, om deg, til tredjepart utan at du samtykkjer til dette, eller at BKE med heimel i lov er pålagt å gje vidare informasjonen.
BKE vil kun gi tredjepartar tilgang til dine personopplysningar dersom dei leverer tenester innan drift, vedlikehald eller andre tekniske løysningar til ditt leigeforhold (eigedom/bygning), eller dersom det er naudsynt for å administrera/forvalta ditt leigeforhold. Døme på tredjepartar som mottar personopplysningar er Visma/Tveit rekneskap og Finnås Kraftlag.
For å sikra dine rettigheiter har BKE inngått en eigen databehandlar-avtale med tredjepartar som får tilgang til dine personopplysningar. Disse tredjepartane vil ikkje nytta seg av dine personopplysningar til andre føremål enn det vi har avtalt med deg. Tredjepartar er på tilsvarande måte forplikta til å inngå ein databehandlar-avtale med sine underleverandørar.
Rett til innsyn
Du har rett til å kontakta oss og be om å få vita kva opplysningar vi har om deg, kva opplysningane skal nyttast til, og kor dei er innhenta frå. Du skal få svar innan 30 dagar.
Me rettar av eige tiltak opplysningar som me veit er mangelfulle eller feil. Du kan og krevja at feilaktige eller mangelfulle opplysningar om deg vert retta.
Du kan krevja at opplysningar om deg som ikkje er naudsynt for forvaltninga, vert sperra eller sletta.
Me slettar eller sperrar opplysningar som ikkje lenger er naudsynte for føremålet med registreringa. Dette gjeld ikkje dersom anna lovgjeving pålegg oss å oppbevara opplysningane. Til dømes kan dette gjelda rekneskapslova og arkivlova. Når du ber om innsyn, retting og sletting, er dette gratis.
Heimeside og lenkjer til andre nettstader
Vårt nettstad er installert på ein server kor alle besøk lagrast i ein besøkslogg og ein feilmeldingslogg der din IP-adresse knytast til besøket og tidspunktet for besøket. Dette gjer vi for å kunne feilsøkja eventuelle problem, utlevera data til myndigheiter i de tilfelle ei begjæring føreligg, samt å kunne identifisera og sperra for hackerangrep. Persondata som samlast inn på vårt nettstad vil oppbevarast i ein sikkerhetskopi i inntil 1 månad etter at data er sletta. Dette fordi vi er avhengige av å kunne hente inn all data i tilfelle det oppstår eit fullstendig datatap.
Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar, men samlar ikkje på data som kan identifisera deg eller som kan krenkja personvernet. Du kan be nytta nesten alt innhold på vår nettside utan å oppgi dine data.
Informasjonskapslar er ei tekstfil som ved besøk eller interaksjon med ei nettstad lagrast i din nettlesar sitt minne. Hensikta med slike kapslar er å huska tidlegare bruker innstillingar og gi ei meir personleg tilpassa brukaropplevelse eller innhenta statistikk som gir innsikt i bruker åtferd slik at nettstaden kan optimaliserast.
Nettstaden nyttar også Google Analytics som analyseverktøy, der informasjonen er lagra på ein av Google sine servere. Informasjonen er underlagt Google sine retningslinjer for personvern. Nettstaden nyttar funksjonen 'anonymizeIp' for å anonymisera IP-adressa til besøkande for ikkje kunne identifisera den enkelte brukar.
Som dei fleste andre nettstad bruker me loggfiler. Informasjon i loggfilene inkluderer IP-adresser, type nettlesar, ISP, tidspunkt, refererande sider m.m. Denne informasjonen er ikkje personleg identifiserbar.
På vår heimeside har me lenkjer til andre nettstader, organisasjonar og verksemder. Me gjer merksam på at BKE sine retningsliner for personvern ikkje omfattar desse nettstadene. Dei aktuelle nettstadene vil ha eigne retningsliner som ein må setja seg inn i og BKE er BKE er ikkje ansvarleg for slike eksterne nettstadar.
Kontaktinformasjon
Dagleg leiar, Ingrid Urheim Halleraker; iuh@bke.no
Bustadkoordinator, Birgitte Steinsland; bs@bke.no
Telefon/email: 53 00 25 00/ post@bke.no