For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Samhandling

BKE er Bømlo kommune  sin fremste samarbeidspartnar ved utleige av kommunale utleige- og omsorgsbustader. Kommunen og BKE har ulike, men utfyllande roller.

 

Bømlo kommune har ansvar for å tilby utleige- og omsorgsbustader til aktuelle brukargrupper som av ulike grunnar har behov for slik bustad, og som fyller kommunen sine retningsgjevande kriteriar.

 

Ansvar for tildeling av bustad, ligg hos Bømlo kommune og Tenestekontoret for helse og omsorgstenester gjer vedtak i desse sakene.

Deretter overtek BKE ansvaret for leigekontrakt og det vidare leigetilhøvet.

 

Alle søknadar om bustad, skal difor sendast til Bømlo kommune for handsaming. (sjå eiga lenke)

  

 

 

Bustad sosial handlingsplan 

Bømlo kommune har ansvar for å utarbeide dokumentasjon for bustadbehovet til dei gruppene kommunen har ansvar å skaffe bustad til.

 

BKE si oppgåve er å bygge og kjøpe bustadar ihht. Bømlo kommune sitt behov. Fornying av bustadmassen medfører også tidvis behov for nye bustader og inngår som del av forvaltninga til BKE. Nye bustadar vert i stor grad finansiert med lån og tilskot frå Husbanken.