For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Om BKE

BKE sitt ansvars- og kompetanse område er innan kommunale bygg og eigedomar 

 

  • Forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale utleige- og omsorgsbustader 

  • Planlegging, prosjektering og utføring av nyanlegg, nybygg og ombygging 
  • Eigedomsforvaltning - Prosjektleiing -  Byggjeleiing  

Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS (BKE) starta drifta 1. juli 2008 og er eit kommunalt akjseselskap, heileigd av Bømlo kommune. 

Ved etableringa i 2008 overtok BKE alle utleige- og omsorgsbustader som Bømlo kommune eigde på dette tidspunktet.

I åra etter har BKE kjøpt, bygd, samt hatt ansvar for å drifte fleire eigna bustader, og har utvida tilbodet til brukarane. 

Selskapet eig og driftar i dag om lag 170 omsorgs- og utleigebustader.

Eigedomsmassen av kommunale bustader og eigedomar som BKE eig, representerer pr. i dag ein samla verdi på omlag 186 mill. kroner.  

Bustadane er plasserte på sentrale stader i heile Bømlo kommune.

 

BKE eig i tillegg eit næringsbygg i Hollundsdalen der kommunen si drift- og samferdsleavdeling held til.